tysdag 4. januar 2011

Forberedelsar til turen

Norges kart er studert opp og i mente. Alle dagsetappane er meir eller mindre bestemt. Eg har lagt opp til å overnatte på campingplassar der det passar til etappane. Der går det an å sette opp telt, få seg ein dusj og vaske kle i varmt vatn. Og ikkje minst. Det finnes hytter der som eg kan leige dersom været er dårleg eller hvis eg finner andre unnskyldningar for å ikkje bu i telt.

På denne turen kjem eg til å sykle masse langs E6 og andre ganske traffikerte vegar. Eg kjem da til å starte grytidleg på morgonane for å unngå den voldsomme trafikken. Og da veit du... Da finner eg med ein gang ein unnskyldning for å bu i hytte om natta i staden for i telt :-) For når eg skal pakke ned teltet i fire-fem tida om morgonen, er det fullt i dogg og det blir da dobbelt så tungt som det ellers hadde vore. Eg er redd for at denna bagasjetralla blir tung nok som den er, om eg ikkje skal dra på vatn også :-)

I snitt har eg lagt opp til ca 115 km pr dag. Dette er eg redd kan bli knallhardt men time will show :-) Eg er sta som eit beist, så det hjelper nok kanskje litt vil eg tru.

Forberedelsane når det gjelder trening til den store reisa starta eg med i begynnelsen av desember. I starten blir det i snitt trening annakvar dag. Pga to dårlege kne, blir det masse styrketrening i begynnelsen. Spesielt lår kjem eg til å prioritere for å bygge opp musklaturen rundt knea. Men resten av skrotten må nok jobbe litt den også så den ikkje visnar heilt vekk :-) Eg kjem til å auke på med kondisjonstrening etter kvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar